No skjer det igjen

No skjer det igjen. Blogging. Det må vere skrivelysten min som banker på fingrene mine og vil at eg skal skrive, for dette er noko eg eigentlig har verken tid til eller gidder. Men no er det blitt laget ein ny side på internett som er min blogg. Min nettside der eg kan skrive om kva eg vil. 

Tidlegare har eg hatt to-tre bloggar der eg prøvde meg ut. Til samman blir det vel nokre år. Så du kan seie at eg har blogget i nokre år, men ikkje sammanhengande. Har ikkje komen så langt at eg virkeleg har blitt kjendt. Kanskje rundt venner og bekjente og i lokal miljøet, men ikkje verda rundt (eller Noreg rundt).

Men så har ikkje målet med det å blogge vert det å "bli kjendt". Målet med bloggen var vel å ha noko å gjere på og vise fram kvardagen min. Den siste bloggen min var jo ein fotoblogg. Nei, ikkje ein sånn blogg der eg tar bilete av muffinsar og slike "trendy ting", men ein sånn blogg eg viste fram kor "god eg er" i fotografering. Det er jo ei lita draum, det å bli fotograf. Så det å lage ein fotoblogg, var vel eit galleri der eg la ut bileta mine.

Så plutesleg sa det stopp, og blogging kvar ikkje kjekt lenger, var noko eg ikkje gadd lenger. Så får me sjå då; blir dette noko av?

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar